Velkomen til påskeferie med og utan ski!

 Mykje å vera med på både for liten og stor hjå oss i påskehøgtida. Du finn aktivitetsprogrammet under fana «Arrangement» her på sida vår. 

Kvar einaste dag fram til 1. april er det aktivitetar å vera med på. Særleg dei minste har mykje å gle seg til; her har me eit rikt program der våre flinke aktivitetsleiarar kombinerer leik, moro og læring.

For dei som likar å lea på dansefoten i påskehøgtida spelar Grøftekarane opp i Dalalåven laurdag 23. mars.

Skjærtorsdag kjem Dag Skram med vener til Dalalåven. Påsken handlar i stor grad om tradisjonar, og dette musikalske treffet har etter kvart vorte ein liten tradisjon her hjå oss. Her startar ettermiddagen med roleg afterski frå klokka 15.

Skjærtorsdagen er også dagen då Sogndal Røde Kors Hjelpekorps arrangerer sin tradisjonsrike grilldag ved lagshytta Britabu under Høgehaug, slik også i år.

Her er litt av det me har å by på påsken 2024:

Laurdag 23. mars

-       Frå kl 12: Slalomløype med Olafen

Dalalåven: Roleg afterski frå klokka 15. Grøftekarane spelar frå klokka 22

Søndag 24. mars (Palmesøndag)

-       Frå kl 12: Akedag i Malin akebakke, avslutning med snøballkasting og kakao 

-       Kl 13-14: Skuterkøyring for dei minste med Sogndal røde kors i sprintløypa under Dalalåven 

Måndag 25. mars

-              Kl 13-14 Rebus i barnebakken

Tysdag 26. mars

-              Kl 13-14 Skisprell med Melanie i barnebakken

Onsdag 27. mars

-               Kl 12 (påmelding ved Toyota-trekket): Parallellslalom og rebusløp i skogsløypa ved barnebakken

Torsdag 28. mars (Skjærtorsdag)

-              Kl 11-13 Aking i Malin akebakke og ballkasting på dartskiva til Sogndal Fotball

-              Sogndal Røde Kors Hjelpekorps har grilling og gudsteneste ved Britabu

Dalalåven: Skram med venner (Kl 19-24), roleg afterski frå klokka 15.

Fredag 29. mars (Langfredag)

-              Kl 13-14 Paralellslalom i barnebakken 

Laurdag 30. mars (Påskeaftan)

-              Kl 12-13 Hoppkonkurranse i barnebakken 

Søndag 31. mars (1. påskedag)

-              Kl 12-13 Parallellslalom i barnebakken 

Me skal gjera alt for at påskehøgtida vert så kjekk og innhaldsrik som mogleg for deg, dine vener, og familien din.

Viss du studerer aktivitetskalenderen vår her på heimesida så ser du at det er mykje å gleda seg til no når me feirar påskehøgtida.

Her vert det leik og moro for borna, trim og moro for oss som er litt større – og sosiale samlingar og aktivitetar for heile familien.


håvard nesbø