Laussnøekspressen

NB: Går kun ved spesielle høve. Vert annonsert ved enkelt dagar.

 

Laussnøekspressen

Laussnøekspessen hentar opp skikøyrarar på haldeplassane langsmed Fjærlandsvegen og tek deg tilbake til skisenteret.

Laussnøbussen går kun i helgar og ferieveker når tillhøva ligg tilrette for det. Det er Nettbuss som kjører ruta. Me informerer om laussnøbussen går i helga seinast på nærmaste fredagen i framkant på Facebook/Instagram og på denne sida.

Laussnøbussen:

Laussnøbussen går kun når vi har fått skikkelge mengder med tørr nysnø. Følg med på Facebook og instagram for fortløpande oppdateringar.


All skikøyring utanfor preparerte løyper i anlegget føregår på eige ansvar. Ein må absolutt ta omsyn til skredfare, ikkje køyre åleine, og vise stor aktsemd ved riksvegen.

Ikkje ta seg fram i vegbana, men opp på vegskuldra!

LAUSSNØBUSS PRISAR

Enkeltbillett 100,-

Dagskort 150,- gjeld berre på Tide sine avgangar, ikkje på Sogndal Taxi sine minibussar.

Du kjøper billett på bussen.

Start tid frå Selseng:

11.00 12:00, 13:30, 14:30, 15:30

Dagar med to bussar går den første frå Selseng kl. 11.00 og vidare fortløpande innimellom dei faste tidene. ( Følg med på eigen nyhende og statusoppdateringar på desse særskilde tilhøva, på Facebook, og nettsidene våre)

Tidene kan være variable, i forhold til trafikkmengd og føreforhold. - Ved full buss går bussen kontinuerlig. I særskilde tilhøve kan me sette opp to bussar for å ta unna. Dette vil bli annonsert i kvar enkelt tilhøve.

Fleire bussar kan bli sett opp om det er mykje laussnø (bonanza). Om føret ikkje er bra, vil ikkje bussen gå. Om bussen ikkje går kan du ringe taxi 02393, avtal pris og haldeplass!