Hjå oss er det vinter fram til 1. mai

- og innimellom er det påske

Vi har rikeleg med snø, vi har fem skitrekk, flotte fjell og langrenns- og fjellløyper – og ei rekkje hytter og leilegheiter som ventar på skiglade gjester. Hjå oss varer skisesongen i heisanlegget vårt til og med 1. mai, men for deg som brukar eigen krefter opp mot toppen varer den mykje lenger enn det.

For deg som vil ha med heile familien på gode og varierte opplevingar i snøen, har vi ei rekkje aktivitetar på by på. Særleg i helgane er det mykje leik og moro for dei minste, og då særleg aktivitetar med leik og læring i og rundt barneskitrekket rett over Dalalåven, eller Toyota-trekket som det heiter her hjå oss. Slike aktivitetar fortel me om i god tid her på nettsida vår under Aktivitetskalenderen.

I påskehøgtida her ved Sogndal Skisenter er det eit yrande liv med små og større gjester som skin om kapp med sola. Då er det også litt sosiale aktivitetar inne i Dalalåven på kveldstid, og ute er både skiinstruktørar, hjelpekorpset vårt og andre i full sving med å gjera det både moro og trygt for deg som gjest hjå oss.

I år er påskehøgtida over med 2. påskedag måndag 1. april, men hjå oss dreg me både påsken og vinteren ein månad til – med siste opningsdag i heisanlegget onsdag 1. mai.

I Dalalåven har me variert mat- og drikkemeny, Intersport har eigen sportsbutikk her med utleige av ski og anna utstyr som vert tilpassa deg og dine av folk som kan faget sitt.

Ta kontakt med oss om du ynskjer eit godt tilbod på leige av hytte eller leilegheit.

Velkomen til oss!

Martin Hammer