Bli med på laget!
Oppdaterte dugnadslister pr. 10.12.2009 er no lagt ut i linken til høgre.
I Hodlekve er ein del av drifta tufta på dugnadsinnsats. Vi har alltid bruk for fleire personar til å dele på arbeidet, og vi oppmodar alle interesserte til å bli med oss på laget og gjere ein innsats for skitilbodet i dalen.
Vi kan tilby eit triveleg og sosialt miljø i eit skisenter som er inne i ein spennande utviklingsperiode. Vi treng folk til hyttevakter, parkeringsvakter, heisvakter, web-artiklar, bileter og videoproduksjon.
Ta gjerne kontakt om du kan tenke deg å bli med på laget. Du vel sjølv kor aktiv du vil vere.